Eplekake i langpanne

Dette er ein haustklassikar i vår familie. Vanlegvis plukkar vi ut dei største og saftigaste epla (gir minst skrelling). Ein treng ikkje nødvendigvis skrelle men ikkje alle ungar likar skalet så derfor.) Vi tar uansett ut kjernehuset.

 

Det du treng er:
Ca 1 kg eple frå Negarden vi brukar mest Raud Aroma og Aroma). Ei spiseskei sitronsaft eller presse safta av ein sitron. Du treng og 450 gram med sukker og ein halvkilo med smør (den må romtempererast), 8 store egg, ein halvkilo med kveitemjøl. 3 teskeier med vaniljesukker og 3 teskeier med bakepulver. Deretter ein klatt smør til å smørje langpanna med. Eg brukar ein liten flik matpapir til å hjelpe meg med. Til slutt må du ha ein stor neve mandlar, ei dryg spiseskei sukker og kanel til å drysse over.

 

  • Først skrellar du epla (ta ut kjernehuset og del i bitar/båtar ikkje for tjukke). Legg dei deretter i ein stor bolle vatn med sitronsafta.
  • Det neste er å piske sukker og smør til det blir kvitt. Eg brukar å skjere det romtempererte smøret i smøret terningar som eg hiv opp i miksaren etter kvart.
  • Kakk eitt og eitt egg opp i røra under røring i miksaren.
  • Deretter ha oppi kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker.
  • Smør ei langpanne med litt smør og smør deretter utover blandinga. Kan evt ha ein liten mugge med vatn og så bruke våt slikkepott til å smørje med.
  • Skru på ovenen til ca 190 grader.
  • Stapp alle eplebitane ned i røra. Det skal bli heilt fullt. Dei kunstneriske kan evt lage figurar og mønster.
  • Hakk mandlar (det er og godt med valnøtter) og strø det saman med sukker og kanel over røra..
  • Steik på nederste stille ein stad mellom 40 og 45 minutt. Litt avhengig av ovn skulle eg Vi brukar 43 minutt.

La kaka kjøle seg litt ned og server med vaniljeis og/eller piska krem.