Negarden

Sjølve Linge namnet kan sporast til tidleg på 1500- talet og funn av steinøkser, ei flintskrape og ei jarnøks noko som antydar busetjing langt tilbake. Gode høve for landbruk gjorde og mogleg å etablere husmorskule her i Negarden. Lyngvin husmorskule ga framtidige husmødre godt grunnlag for framtidig virke.

lyngvin-husmorskule

Lyngvin husmorskule

Negarden er nok mest kjend for å vere fødestaden til Martin Linge. Skodespelaren og offiseren som fall i kamp med tyske styrkar 3 juledag 1941 på under raidet på Måløy. Han leia det som då vart kalla Norwegian Independant Company nr 1. Etter han fall vart medlemmane kompaniet samda om å kalla kompaniet etter han. Lingekompaniet vart seinare kjend for ei rekke spektakulære spesialoperasjonar i Noreg der kanskje den mest kjende var sabotasjeaksjonen mot Vemork og produksjonen av tungtvann som Tyskland brukte i sitt program for å utvikle kjernevåpen.

folk-foran-hus

Bilete frå tunet (litt usikker på år)

folk-foran-garnteri

Her ser vi Martin tydeleg bakest i midten

avduking-flagg

Minnesteinen etter Martin vart avduka av dåverande kronprins Olav i 1946 og står ved kommunevegen som går gjennom garden.

På steinen står eit sitat frå songen Fagert er landet av Anders Hovden. «Mitt land eg gjev med hugheilt mot, alt det som heiter mitt.»

Dei historiske bileta er henta fra Fylkesfotoarkivet. Fotograf er ukjend.