Produkt

Negarden på Linge driv økologisk og er godkjende som økologisk produsent av Debio. Litt forenkla betyr det at varene her på garden er produsert på en økologisk og berekraftig måte.

I praksis betyr det at vi dyrkar kulturar (særleg eple og til dels plomme) med sortar som er motstandsdyktige mot ulike sjukdomar og skadegjerarar. Vi brukar heller ikkje sprøytemiddel eller kunstgjødsel og brukar handemakt for å fjerne ugras og legg til rette for at til dømes blåmeis kan ete skadeleg insekt. Denne måten å drive på krev meir arbeid og gjev vanlegvis noko mindre avling men samstundes synest vi at kvaliteten blir særs god.

Eplemost

fjord-eplemost-medium
  • Fjord Eplemost. Dyrka, handplukka og pressa på Negarden.
  • Blir solgt i 3 liters kartong eller på 0,75 liters flaske
  • Tilgjengelig heile året

Moreller

morell
  • Sortar er Kristin, Lapins samt nokre eldre tre som vi ikkje har namn på. Haustetid frå medio juli til medio august. Både Kristin og Lapins er søte og bør etast så snart som råd etter plukking.

Surkirsebær

surkirsebaer
  • Sort er Fanal. Haustetid er vanlegvis frå siste halvdel av juli. Bæra er saftige og syrlege og eignar seg til dømes godt til å lage saft, hermetisering og likør.

Plommer

produkt-plomme
  • Edda er ein tidleg sort som har store plommer, med litt varierande avling. Dei er søte og saftige og søte om dei får henge lenge nok på trea Dei er modne ofte tidleg (midt i) august.
  • Opal er ein av dei viktigaste plommesortane. Den er pollinator til mange andre sortar. Opal er god på smak men i eit normalår krev den mykje tynning hvis ikkje blir plommene små. Den kjem tidleg, rett etter Edda og er moden i midten av (seint i) august. Kjem opphaveleg frå Sverige.
  • Mallard er ein ein gamal engelsk sort. Treet ber høveleg godt og kan reknast som ein hovudsort. Kan ikkje lagrast så lenge så ein bør ete og nyte.
  • Reeves flotte store saftige plommer. Her på garden vert dtete rekna som favoritten både til konsum og til hermetisering.
  • Victoria eignar seg både til å ete men kanskje særleg til hermetisering og sylting. Victoria modnast vanlegvis frå midt i september.
  • Althans den seinaste plommesorten vi har her på garden. Plommene er store og velsmakande.

Pærer

paerer
  • Av pære har vi Celina og dobbel Philip. Dobbel Philip er ein gammal sort. Dette er store pærer med litt grovt kjøt. Dobbel Philip passar ypperleg for hermetisering. Celina er ein nyare sort som passar best til konsum.

Epler

produkt-eple
  • Discovery er eit middels tidleg eple som er sterk mot skurv. Sorten har ein flott oransjeraud farge og smaken er syrlegsøt med særprega og god aroma
  • Raud Aroma er hovudsorten i økologisk epledyrking som er sterk mot skurv. Den er seinare enn Discovery. Eplet har ein fott utsjånad og smaken er syrlegsøt med kraftig og særprega aroma. Eplemost av Raud aroma gir ein frisk og søtsyrleg smak som er god til det meste. Dei haustast vanlegvis frå månadsskiftet september-oktober.
  • Aroma er opphavet til Raud Aroma. Aroma har ein god og balansert smak med gulkvitt, fast og saftig fruktkjøt. Dei haustast vanlegvis frå månadsskiftet september-oktober.
  • Silkeeple er ein eldre sort som modnar seint. Dei er gule og små men smakar veldig friskt og godt. Dette var favoritten til farfar til Bjørn Inge!

Aprikos

aprikos
  • Aprikos er dyrka meir som ein gimmick men gjev år om anna oppmot fleire titals kilo med avling. Trea er plassert inn mot dei høge steinmurane i tunet noko som gir den naudsynte varmen i sesongen.