Om oss

Vi driv Negarden på Linge i Valldal, Møre og Romsdal. Garden har historie langt attende og har og minnestein etter krigshelten Martin Linge ståande på garden. Vi har drive økologisk sidan 1987 og er godkjende av Debio.

Linge

Av dei eldste gardar i Norddal

Namnet Linge kjem av plantenamnet lyng og vin, noko som vitnar om at det er ein av dei eldste gardar i Norddal. I eldre tid var skrivemåten skiftande: Lyngwin, Liøngge, Lynge, Linnge, Linge, Lenge. Det er litt usikkert kven som var dei første brukarane her på garden men den første som er funne i registera er ein Hylde på Linge som betalte skatt til erkebiskopen i Nidaros  først på 1500- talet.

Hans Strøm skreiv om Linge (og Lingås): ”Linge er en af de smukkeste og bedste Gaarde i hele Kaldet..” og ligg i en skraa Situation mod Solen, ret ligsom en Driv-Benk i en Have…”

Foreldra til Bjørn Inge kjøpte garden i 1985 og starta raskt med økologisk drift med frukt, bær og sauer. Bjørn Inge tok over garden i 2001 og har no lagt om drifta med fokus på fruktdyrking og då særleg epler og plommer. Vi har og litt moreller, surkirsebær og pærer. År om anna har vi og aprikos som vi lagar nydeleg aprikossyltetøy av.

Tunet er spesielt med høge steinmurar som fundament for tradisjonelle vestlandsbygg. Vi er nemnd i fylket sin kulturminneplan og har fått god hjelp til å vøle og halde vedlike bygningane i gamal stil. Vi vil her særleg nemne Kulturminnefondet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Norddal kommune (no Fjord kommune) og aksjonen «Ta et tak» som gode bidragsytarar.

teikning-negarden