Kjøp våre produkt
Her på garden kan de kjøpe sunn og smakfull frukt og bær i sesongen som varer frå midt i juli til ut i oktober. Eple har vi på kjølelager fram mot jul. Eplemost sel vi heile året.
Bestilling
For bestilling send oss ein e-post til hei@negarden-linge.no
Bestillinga må innehalde produkt og volum, samt ynskja tidspunkt for henting.
De kan og berre stikke innom oss men då vi kan ikkje garantere at vi har det de er ute etter.
Produkt til sals
Prisliste 2021
Prisar for frukt og bær vil bli justert opp mot sesongen 2022
Produkt | Salsperiode | Pris |
---|---|---|
Eplemost 3L kartong | Heile året | Kr 180,- pr stk |
Eplemost 0,75L flaske | Heile året (Utsolgt) | Kr,- pr stk |
Moreller | Medio juli – medio august | Kr,- pr kg |
Surkirsebær | Siste halvdel i juli | Kr,- pr kg |
Plommer | August og september | Kr 70,- pr kg |
Pærer | Månadsskifte september-oktober | Kr 40,- pr kg |
Epler | Månadsskifte september-oktober | Kr,- pr kg |
Aprikos | Juli-august | Kr,- pr kg |
Kjøp
Utsal på Negarden
Vi sel vanlegvis eple og pærer i 8 kg kasser og plommer i 6 kg kasser. Morell i posar eller korger på 500 gram. Kirsebær og aprikos sel vi i hovudsak på bestilling. Vi sel av og til det vi kallar andre sortering til reduserte prisar, til dømes eple som er akkurat litt for store eller litt for små til det som er norsk standard.
Ein sjeldan gong annonserer vi og sjølvplukk.